Tips til intervjudagen

Det er normalt å vere nervøs før eit intervju. Istaden for å sjå på det som eit intervju – kva med å tenkje at det er ein vanleg samtale der bedrifta vil bli betre kjent med deg?

  • Hugs å møte presis på intervjudagen.
  • Ta med CV, søknad, vitnemål og attestar.
  • Kle deg etter bedrifta si kleskode.

Kjenn deg sjølv

Tenk igjennom korleis du vil presentere deg sjølv. Øv gjerne på intervjusituasjonen i lag med ein venn før jobbintervjuet.

Les deg opp på bedrifta

Kva veit du om oss?  Dette er eit spørsmål som ofte blir stilt i eit jobbintervju. Prøv å finne ut så mykje om bedrifta på førehand. Då kan du svare best mogeleg om spørsmålet blir stilt.

Førebu deg på følgjande

Bedrifta vil ofte prøve å få svar på dette i intervjuet.

  • Motivasjon – Er du motivert for stillinga?
  • Engasjement – Vil du verkeleg ha lærlingplassen? Brenn du for oppgåvene? Er du engasjert utanfor skulen? Frivillige verv?
  • Resultat – Har du resultat du kan vise til? (skule/praksisplass)
  • Kjemi – Vil du passe inn i bedrifta? Kvifor?