Om oss

Nordfjord opplæringskontor såg dagens lys i 2016. Med eit ynskje frå lokalt næringsliv og kommune om å styrke lærlingarbeidet, samarbeidet mellom skule og næringsliv, auke tal læreplassar og rett slett skape noko unikt for Nordfjord var oppdraget gitt: Gi oss noko vi ikkje har sett tidlegare.

Målet vart tidleg klart. Nordfjord skal bli den beste regionen å bu og leve i, og ikkje minst vere lærling i. Eit slikt mål vil ein alltid måtte jobbe mot – men vi meiner vi er komne langt på veg.

Vi kallar for øvrig ikkje dei fantastiske ungdomane våre berre lærlingar. Dei er så mykje meir. Dei er Nordfjord si framtid, og vi er så stolte over valet dei har tatt med å ta yrkesfagleg utdanning at vi rett og slett kallar dei superlærlingar!

Vi har superbedrifter, superlærlingar, superinstruktørar og superskular. Og vi som er så heldige at vi kan jobbe i lag med alle desse – er sjølvsagt superrådgivarar.

Snart 7 år er gått sidan etableringa. I dag består Nordfjord opplæringskontor av over 90 medlemsbedrifter frå Stadlandet i vest, til Eikefjord i sør, Hornindal i nord og Sjåk i aust. Over 90 fantastiske superbedrifter innan både offentleg og privat sektor. Fleire enn 500 superlærlingar har sidan den gang stolt fått fagbrevet i handa, og i dag er over 250 superlærlingar under utdanning i 31 ulike lærefag.

På vegen har vi alltid hatt ein misjon –  å gjere ting annleis, sjå kvart enkelt menneske slik dei er og strekke oss så langt vi kan for å hjelpe desse. Difor har vi vår eigen superfritidssjef, som skal sørge for at fritida til lærlingane er ivareteke – og difor har vi også etablert Nordfjordakademiet. På grunn av dette har tal læreplassar og lærebedrifter i Nordfjord auka i stor stil.

Aldri før har så mange klart å fullføre læretid og fagprøve, og aldri har Nordfjord vore lenger framme i lærlingarbeidet. Å vere lærling og lærebedrift krev eit heilt team rundt der alle jobbar mot eit felles mål.

Du er alltid velkommen til å ta kontakt med oss – anten du er elev, føresett, lærebedrift eller ein som ynskjer å ta fagbrev.

Vi er her for deg.

Beste helsing

Supergjengen i Nordfjord opplæringskontor