LEDIG SUPERJOBB!

Lyst å starte i kanskje den mest spanande stillinga i Nordfjord?

I samarbeid med Nordfjord opplæringskontor har vi no etablert Nordfjordakademiet.

Vi søkjer ein drivande flink person til å leie den nye satsinga vår. Hovudarbeidsoppgåver blir å legge til rette for betre rekruttering til bedrifter og verksemder i Nordfjord. Dette skal vi få til ved å fylgje opp ungdom fra Nordfjord som er under utdanning og er i tidleg yrkeskarriere. Vi skal også hjelpe bedriftene til å få på plass kompetansen og medarbeidarane dei treng.

Når vi fyrst har fått på plass nye supermedarbeidarar til bedriftene, er det viktig å ta vare på desse slik at dei blir verande i bedrifta og området. Dette skal du vere med å utvikle og legge til rette for.

I arbeidet vert det eit tett samarbeid med skular, opplæringskontor, næringsliv og dei aktuelle ungdomane. I jobben vil du vere heilt sentral med å vise fram Nordfjord sitt attraktive arbeidsliv og vidareutvikle dette til å bli betre på rekruttering og trivsel for unge supermedarbeidarar.

Det er ikkje særskilte krav til stillinga ut over at du er supermotivert til jobben. Pedagogisk utdanning er ein fordel, men er ikkje ein føresetnad. Vi leitar etter ein person som er initiativrik og sjølvstendig. Personlege eigenskapar vert såleis tillagt ekstra vekt. Du har evne til nytenking, er kreativ og er god til å samarbeide med andre.

Vi kan tilby konkurransedyktige vilkår. Vi søkjer i utgangspunktet etter ein person i ein stillingsprosent på mellom 80 og 100 %. Du må rekne med ein god del reiseverksemd i jobben. Arbeidsstaden er i utgangspunktet i Stryn. Den nye supermedarbeidaren skal jobbe i tett samarbeid med superrådgjevarane i Nordfjord opplæringskontor. Vi ser føre oss at den nye supermedarbeidaren kan tiltre i 2. kvartal 2020.

Søknadsfrist seinast 13.januar.

Send CV og søknad til:
Dagleg leiar, Nordfjord opplæringskontor: Tom-Øyvind Solheim, 906 28 383 / solheim@www.noropp.no