Hygiene og smitteforebygging

 

God hygiene fremjar helse og forebygger sjukdom. Hygiene er eit viktig ansvarsområde for deg som helsefagarbeidar då du ofte møter folk som er sjuke og har nedsett immunforsvar. Smitte skjer lettast på stadar det er mange folk samla på ein stad, til dømes på sjukehus eller sjukeheim. Smitte kan ha alvorlege konsekvensar og derfor har du ei viktig oppgåve i å beskytte både deg sjølv og andre mot smitte

Det beste og enklaste tiltaket for å forebyggje smitte, er å sørgje for rett handhygiene. I dei fleste situasjonar, brukar ein hendene. Både når ein helsar på brukaren, hjelper med morgenstell, lagar mat og helper til med toalettbesøk. Dersom ein ikkje utfører handhygiene, kan hendene også bli eit farleg arbeidsredskap.

Handvask åleine er ikkje alltid nok for å opprettholde god handhygiene. Mikrobar kan også samle seg under negler og handsmykker.

Sørg derfor for å alltid:

  • Ha kortklipte negler, ikkje meir enn 2mm frå fingertuppane
  • Ikkje kha kunstige negler, neglelakk eller gelelakk
  • Ta av deg smykker, ringar og handklokke

Handdesinfeksjon er førstevalet. Handdesinkesjon fjernar mikrobar betre enn vanleg handvask og skal brukst når hendene ser reine ut, altså at ein ikkje har urin, blod, avførng eller liknande på hendene. Ved desinfeksjon blir hendene mindre tørre og såre og det er raskare å utfør

Handvask

Skal utførast når hendene er synleg ureine. Med biologisk materiale, feks kroppsvæsker, mat eller jord. I tillegg brukar ein handvask ved

  • Kontakt med slimhinner og hud som ikkje er heil
  • Kontakt med sårbandasjar
  • Bruk av hanskar
  • Målitid og /eller handtering av næringsmiddel
  • Toalettbesøk

Når ein vaskar hendene ofte, kan hendene bli tørre og såre og ein kan få rifter og sår. Dette kan føre til vekst av bakteriar. Det er derfor viktig å bruke fuktighetskrem, slik at ein held huda heil og mjuk.

Hanskar hindrar smitte frå pasientar og brukarar til deg som helsefagarbeidar. Det hindrar også vidare overføring av smitte til andre brukarar. På samme måte som du utfører handhygiene, må du skifte hanskar. Hanskane er som ein ekstra barriere.

Bruk derfor hanskar når:

  • Du er i direkte berøring med infisert materiale
  • Det er fare for blodsøl
  • Du har konktakt med pasientar og brukarar med smittefarlege sjukdommar
  • Du har sår eller eksem på hendene

Hanskar kan ha hol og det er ingen garanti for fullt vern. Derfor er det viktig med handhygiene både før og etter bruk. Pass på kvar du tek når du har på deg hanskar, slik at du ikkje overfører smitte til gjenstandar og inventar.

Slik brukar du hanskar på rett måte:

  • Ha reine og tørre hender før du tek på deg hanskar
  • Ta hanskane på til slutt når du brukar dei saman med stellefrakk og anna verneutstyr
  • Skift hanskar mellom kvar pasient og mellom ulike arbeidsoppgåver sidan områder kan være forureina.
  • Fjern hanskane etter bruk og kast dei i ein eigna behaldar
  • Utfør handhygiene etter hanskebruk

Bruk munnbind for å beskytte deg mot pasientar som hostar og nys og dersom du sjølv hostar eller nys. Munnbindet skal dekke nase og munn. Bruk det slik at det kjem minst mogleg luft i mellom og kast det etter bruk. Munnbindet skal kun brukast ein gong. Ikkje la munnbindet henge rundt halsen.

Bruk vernefrakk, stellefrakk eller plastforkle når du jobbar med ureine arbeidsoppgåver, t.d ved dagleg stell. Då hindrar du at arbeidstøyet blir forureina og at du sprer smitte vidare.

  • Bruk vernefrakk når det er fare for sprut. Plastfrakk er best ved store mengder søl
  • Frakken skal være tett i halsen og rundt midja. Knepp begge knappane bak.
  • Ta av deg frakken rett etter at du er ferdig med arbeidsoppgåva. Ta ein ny rein frakk dersom du skal hjelpe ein annan brukar.
  • Utfør handhygiene før og etter at du tek av deg frakken.

Smittefrakk brukast når arbeidstøyet kan bli forureina av sjukdomsframkallande mikrobar. Smittefrakkane er gule med lange armar og har knepping bak. Brukte smittefrakkar skal handterast som smittefarleg tøy.

Dersom vi skal blir smitta av mikrobar må det finnast:

  • Smittestoff (mikrobar, ofte bakteriar, virus og sopp).
  • Smittekjelde (der smitten kjem frå, oftast menneske, men det kan også være dyr, fuglar, plantar, jord eller vatn).
  • Smitteutgang (der smitten kjem ut av kroppen, ofte sår og kroppsåpningar – nase eller munn).
  • Smitteveg/smittemåte (Type smitte – kontaktsmitte, luft- og dråpesmitte, fekal-oral smitte, blodsmitte, insektssmitte, mor-barn-smitte).
  • Smitteinngang (Der smitten kjem inn i kroppen, ofte den same som smitteutgangen hos smittekjelda).
  • Ein mottageleg smittemottakar (Mikrobar må ha ein inngangsport hos smittemottakaren, t.d urinvegar eller hud som ikkje er heil).

Dette kallast for smittekjeda. For at vi ikkje skal bli smitta, må eit av ledda i kjeda bli brutt. Det viktigaste og enklaste tiltaket for å bryte smittekjeda, er rett handhygiene

Diagnosen kan ofte stilles med høy sannsynlighet ut fra de typiske symptomene. Dersom diagnosen er usikker, vil man foreta et belastnings-EKG. Dette er en test av hjertet som gjøres under sykling på ergometersykkel, og slik test vil i mange tilfeller bekrefte diagnosen. Det kan også gjøres scintigrafisk undersøkelse av hjertet dersom ikke EKG-undersøkelsen gir tilstrekkelig avklaring.

Røntgenkontrast-undersøkelse av blodårene (hjertekateterisering) viser nøyaktig hvilke blodårer som er tette, og grad av tetthet. Dersom forholdene ligger til rette for det, kan hjertespesialisten i forbindelse med hjertekateteriseringen blokke ut det trange partiet av koronararterien. Som regel blir det også satt inn en stent som forhindrer at den trange åren lukker seg igjen.

Noen ganger lar det seg ikke gjøre å blokke ut den eller de trange koronararteriene. Da må det utføres bypass-operasjon.