0Weeks0Days0Hours0Minutes0Seconds

INSPIRASJONSKVELD OG SUPERINSTRUKTØR 2.0 ER AVLYST!

På bakgrunn av smittesituasjonen i landet, og dei nye smittevernstiltanka har vi dessverre sett oss nøydde til å utsette vårt Superinstruktør 2.0 arrangement 11. november!

Så snart forholda tilet det vil vi planleggje ny dato for arrangementet.

Dette er Simen Almås:

Simen Almås levde eit alminneleg og vanleg liv heilt til han den 6. August 2007 blei livstruande skada i ei eksplosjonsulykke. Simen var då berre 13 år og hadde dårlege odds for å overleve. Etter fleire dagar i koma våkna han opp med store fysiske og psykiske skadar.

Vegen tilbake var vanskeleg for Simen, men han opparbeida seg etterkvart noko som han opplevde som det  “riktige tankesettet”. Dette hjelpte han med å kome tilbake på rett spor og til å takle motgangen han møtte undervegs. Sakte, men sikkert, kom livet tilbake til normalen og ting gjekk framover. Alt såg lyst ut for Simen, heilt til sommaren 2011, då han var med på sommerleiren på Utøya.

Simen var ein av dei heldige som overlevde tragedien på Utøya. I dag bruker han sin livshistorie som grunnlag for føredraga han held i rundt i heile vårt landstrakte land. Simen ynskjer å inspirere og motivere andre til å leve livet fullt ut, og ta vare på alle dei flotte opplevingane i liva sine.

Simen er blitt ein av landet sine mest ettertrakta og populære føredragshaldarar innan livsglede og psykisk helse trass sin unge alder.