0Weeks0Days0Hours0Minutes0Seconds

VELKOMMEN TIL SURFE- OG OVERNATTINGSTUR 9 – 10. SEPTEMBER!

Velkomne til surfe- og overnattingstur for våre 2. års lærlingar!
Då er det endeleg klart for overnattingstur til Hoddevika for våre 2. års lærlingar. Turen blir 9 – 10. september!

I Hoddevika vil de få to innhaldsrike dagar med mykje kjekke aktivitetar. Her blir det mellom anna surfekurs, konkurransar, god mat og forhåpentlegvis litt strandliv også. Vi gler oss!

Hugs å lese all infoen!:) NB! Programmet kan bli endra, p.g.a. bølgeforhold osv.

Samlinga vil bli lagt opp etter gjeldande reglar for Covid-19. Dette betyr at lærlingane vil bli delt opp i mindre grupper (10-15 stk) som ein er saman med heile dagen.

OBS! Det er ikkje tiltatt å delta på samlinga om ein er sjuk eller har symptom på luftvegsinfeksjon. Det er viktig å gi melding til oss om ein må melde avbod til samlinga.

  • 9. september:

    Avreisedag

    Sjå transport for avreisetider.

  • Kl 10.45

     

    Ankomst Hoddevika

    Vi kjem til Hoddevika med bussen

  • Kl 10.45 - 11.15

     

    Innsjekk / utpakking

    Vi sjekkar inn på romma våre

  • Kl 11.30 - 12.15

     

    Lunsj på Cafe Strando

    Vi får servert lunsj i hagen på Cafe Strandro

  • Kl 13.00

     

    Surfekurs for alle

    Vi får utdelt surfedrakt og surfebrett. Deretter blir det surfekurs og kos i bølgene.

  • Kl 16.30 - 18.30

     

    Avslapping og refresment

  • Kl 18.30

    Pizza og sosiale aktivitetar på Cafe Strandro

    Cafe Strandro diskar opp med pizza i hagen på Cafe Strandro

  • 10. september

    Dag 2

  • Kl 09.00

    Frukost

    Frukost på Cafe Strandro.

  • Kl 10.00

    Kosetur til Mosekleivhornet

    Ein fantastisk fin tur med majestetisk utsikt mot Hoddeviksanden.

  • Kl 13.30

    Heimreise

Transport

Det blir lagt opp til felles transport med buss til Hoddevika. Bussen kjører frå Stryn via Nordfjordeid, Bryggja og til Hoddevika. Sjå avreise/bussalternativ for deg. Det blir ikkje tiltatt å kjøre eigen bil til Hoddevika.

Avreisetidspunkt frå Stryn, Kjøs Bru, Nordfjordeid, Bryggja:

Stryn R.b. kl 08.00

Kjøs Bru kl 08.15

Nordfjordeid R.b. kl 08.50

Maurstad (Bryggja) kl 09.15

Lærlingar frå Måløy 

Buss nr 505 frå Måløy Sentrum til Maurstad (Bryggja). Avreise kl 08.25. Deretter sitte på i vår eigen buss frå Maurstad (Bryggja) kl 09.15.

Lærlingar frå Sandane

Buss nr 505 frå Sandane R.b. kl 07.55 til Nordfjordeid R.b. Deretter sitte på i vår eigen buss frå Nordfjordeid R.b. til Hoddevika kl 08.50.

Lærlingar frå Selje:

Vi tek kontakt for nærmare avtale.

Lærlingar frå Stadlandet:

Vi tek kontakt for nærmare avtale.

Lærlingar frå Hornindal:

Vi tek kontakt for nærmare avtale.

Lærlingar frå Sjåk:

Vi tek kontakt for nærmare avtale.

Pakkeliste

  • Gode sko (Gjerne terrengsko – må tole å bli våte
  • Klede til liten fjelltur og kveldsaktivitetetar
  • Toalettsaker
  • Varme og gode klede til å vere ute uansett vær
  • Handklede
  • Ha med superundertøy og vindtett jakke
  • Drikkeflaske
  • Hue
  • Snacks o.l (Vi står ellers for alle måltid)
  • Casual klede
  • Lette klede til volleyball o.l.
  • Sandalar og/eller joggesko
  • Badeklede
  • Shorts/t-skjorte til å ha på før/under/etter surfing

COVID-19

Samlinga vil bli lagt opp etter gjeldande reglar for Covid-19. Nordfjord opplæringskontor vil òg ha tilgjengelig hand-desinfeksjon, og ta dette på høgste alvor.

OBS! Det er ikkje tiltatt å delta på turen om ein er sjuk eller har symptom på luftvegsinfeksjon. Det er viktig å gi melding til oss om ein må melde avbod til samlinga.

HUSK Å MELDE DEG PÅ!

Meld deg på arrangementet