Når vi seier at nokon er immobile, meinar vi at dei har avgrensa evne eller moglegheit til å bevege seg eller være fysiske aktive. Årsaker til dette kan være sjukdom, skader eller alder. Ein kan være heilt eller delvis immobile, og tilstanden kan anten være varig eller forbigåande. Ein person med eit beinbrot er delvis immobil og det er kortvarig, mens ein bevisstlaus peron er helt immobil. Det varierar kor aktiv ein immobil person er. Dette er avhengig av kroppsvekt, alder, kor aktiv han har vore tidlegare og kor redd personen er for å falle. Å ikkje kunne bevege seg på lang tid medfører en stor helserisiko. Kor stor helserisikoen er, har sammenheng med helsetilstand, kor immmobil personen er og kor lenge han eller ho er immobil.

Kven er utsett for immobilitet

  • Eldre og personar med nedsett almenntilstand eller mangelfull ernæriing
  • Magre personar
  • Overvektige personar
  • Bevisstlause personar eller personar med lammingar
  • Personar med nedsett følesans

Grunnleggande tiltak

  • Samarbeide med pasienten. Kva kan pasienten gjere sjølv for å førebygge immobilitet?
  • Observere, rapportere og dokumentere om pasienten får symptom på nokre av komplikasjonane.
  • Samarbeide med pasienten om å betre eller halde oppe almenntilstand, mellom anna gjennom god ernæring og tiltak som fremjar trivsel
  • Legge til rette for fysiske og mentale aktivitetar. T.d fysisk aktivitet, lese, være sosial, lytte til radio eller musikk.

Utnytt alltid dei moglegheitene brukaren har for å være i aktvitet i dagleglivet:

  • Personleg hygiene, påkledning. Motiver pasienten til å gjere så mykje han/ho kan sjølv.
  • Eliminasjon: Dersom det er mogleg, la pasienten gå til WC sjøv.
  • Få hjelp til å bøye, strekke, løfte på armar og bein med jevne mellomrom igjennom heile dagen.
  • Ein som ligg mykje bør få hjelp til å sitje oppe litt kvar dag, t.d. når du reier senga. Dersom det er mogleg bør han også stå ei lita stund. Brukarar som ligg mykje må få hjelp til å snu seg og bevege armar og bein om han ikkje klarer dette sjølv.
  • Mange likar å bevege seg til song og musikk.
  • Nesten ein av fem pasientar blir ramma av trykksår. Eit trykksår oppstår slik: Når vi sit eller ligg, trykkjer kroppsvekta mot underlaget. Da blir hud, underhus og musklar klemde mellom knoklane og underlaget. Dette gjer at blodtilførselen blir hemma og det blir for lite oksygentilførsel til vevet. Dersom trykket varer for lenge, døyr vevet under huda, og det kjem sår der trykket er størst. Det er ulikt frå person til person kor lengehuda, underhuda og musklane toler okysgen mangel, men 2-3 timar med oksygenmangel, aukar faren for vevsskade. Derifrå tek det fire til ni dagar å utvikle eit trykksår. Alt som fører til auka trykk mot et hudområde, aukar faren for trykksår. Trykk frå knappar, skrukkar på laken eller brødsmular i senga kan være nok til å utvikle trykksår.
    • Skyveeffekt: inneber at overhuda blir forskyvd, mens underhuda bliir verande, for eksempel ved at pasienten glir lengre ned i senga når han sit eller ligg i høgt ryggleie. Blodårene blir avklemt og det blir mangelfull oksygentilførsel i området.
    • Friksjon: det same som gniding. Kan til dømes skje når vi hjelp ein pasient ved å skyve seg opp i senga eller stolen. Eiin dreg istaden for å forflytte. Huda kan bli skadd om den blir utsett for meir friksjon enn den toler.
    • Fukt: Over tid blir motstandskrafta i huda redusert. Personar som sveittar mykje, eller er inkontinente, er speselt utsette for å få trykksår, særleg friksjonssår. Dette kan skje dersom du brukar ringar eller klokker, eller er uforsktig ved bruk av bekken og anna utstyr.
  • Dei fleste trykksår kjem på underkroppen. Spesielt utsette stadar for trykksår er:
    • øyra
    • Bakhovudet
    • Ryggsøyla
    • Skulderblada
    • Korsbeinet
    • Hoftene
    • Innsida av knea
    • Anklane
    • Hælane
    • Albuane
  • Symptom på utviklng av trykksår:
    • Hudområdet er bleikt pga mangelfull blodtilførsel
    • Det er smerter og ømt i hudområdet
    • Hudområdet blir rødt fordi blod som kjem til området, ikkje blir transportert vekk.
    • Huda blir blåsvart når vevet døyr, og det dannar seg blærer.
    • Det oppstår sår. Det kan ha ei vond lukt fordi det døde vevet råtnar.
  • Observasjon

Som helsefagarbeidar må du observere og rapportere systematisk for å kunne oppdage tidlege teikn på trykksår. Du må vite kva pasientar som er mest utsette for trykksår, kva område på kroppen som er mest utsett og kva du skal sjå etter. Det kan være vanskeleg å oppdage trykksår i tidleg fase hos pasientar som er mørke i huda. Det er utvikla eigne skjema for å kunne vurdere kor stor risiko ein pasient har for å utvikle trykksår.

Tiltak

  • Avlaste trykk

Aktvitet fører til auka blodgjennomstrøyming. Dersom pasienten klarer det, kan han bevege seg sjølv og gjere øvelsar. Om han ikkje klarer det er det viktig at vi hjelp han med passive øvelsar. Det er viktig at brukaren skiftr stilling ofte. Slik førebyggjer vi trykksår. Brukarar som liggpassivt i senga, må vi snu minst annankvar time gjennom døgnet, nokre oftare. Pasientar som har trykkavlastande madrass (feks luftmadrass), treng ein ikkje snu så ofte. Pasientar som sit mykje i rullestol bør løfte seg litt opp med armane med jevne mellomrom. Ein kan også vippe setet på stolen for å få variert trykket.

Ulike hjelpemiddel for å avlaste trykk hos pasientar som sit eller ligg mykje:

  • Ulike typar luftmadrasser
  • Vassmadrass og vasspute
  • Tempurmadrass og tempurpute
  • Gelepute
  • Saueskinn (ikkje syntetisk)
  • Antiskli-hjelpemidlar
  • Seng som kan stiiillast i ulike posisjonar, både sidevegs og på langs
  • Mange rullestolar og andre stolar som også kan stiillast i ulike posisjonar for å variere trykk

Det er nokre område på huda som er spesielt utsette for trykksår. Eit av desse områda er hælane. Her er det ofte redusert blodtrykk og dårleg blodomløp på grunn av aterosklerose og dermed skal det lite til før det oppstår sår. Derfor er det viktig å legge avlastnng under heile leggen, slik at hælane ikkje kviler mot underlaget. Husk at pasienten ikkje skal ligge lenge med trykk mot leggen. Det er derfor viktig å skifte stilling ofte.

  • Gi god hudpleie

Fukt gjer huda mindre motstandsdyktig. Det er derfor viktig at vi tørkar godt etter vask. Ikkje gni eller masser hudområde, dette kan øydeleggje dei små blodårene i huda og dermed redusere blodsirkulasjonen. Fuktighetskrem held huda mjuk og elastisk og gjer ho meir motstandsdyktig mot sårdanning. Dersom pasienten blir liggjande lenge med våt bleie av urin eller avføring, kan dette lett føre til sårdanning. Hud som er utsett for mykje fukt, må smørast med barrierekrem. Denne legg seg som ei beskyttande hinne over huda og vernar henne mot fukt.

  • Sørge for god ernæring.

Pasienten må ha eit variert kosthald med tilstrekkelig innhald av protein, vitamin og mineraler. Det er også viktig å få i seg nok væske, slik at huda held seg mjuk og elastisk.

 

 

Musklar: Dersom vi ikkje brukar musklane, blir muskelkrafta redusert og kreftene minkar.

20-28% av muskelmassa vil forsvinne ved ei vekei fullstendig sengeleie.

Muskelstyrka blir redusert med 3-4% på nokre dagar og 20% på ei veke.

Ledd: Dersom vi ikkje brukar musklane, vil også ledda bli vanskelig å bevege. Ved inaktivitet over lengre tid, kan ledda stivne til og vi får det som heiter kontrrakturar. Det vil seie at leddet stivnar i bøygd stilling (spesielt hoftrr, kne og anklar er utsette). Kontrakturar gjer smerte, men også vansker med å utføre daglege gjeremål som å stelle seg.

Skjelett: Skjelettet må belastast for at det skal være balanse mellom nedbryting og oppbygging av beinvev. Ved langvarig immobilitet taper beivevet kalk, protein og fosfor. Dermed blir knoklane skjøre og porøse og har lett for å knekke (beinskjørhet – osteoporose). Alder, feilernæring og røyking kan også auke risikoen for beinskjørheit. Ved økt alder blir det mindre produksjon av kjønnshormona østrogen hos kvinner og testosteron hos menn, dette aukar faren for beinskjørheit.

Observasjon:

  • Kan pasienten bevege seg sjølv eller treng han hjelp til å bevege seg?
  • Kor aktiv er pasienten? Kor motivert er han for aktivitet?
  • Korleis er rørsleevna i ledda? Har han symptom på begynnande feilstillingar?
  • Har han smerter ved bevegelse? Kor sterke er smertene?
  • Har pasienten eit variert nok kosthold? Og et og drikk han nok?

 

Tiltak:

Det er viktig å bøye og strekke alle ledd fleire gonger om dagen. Anten gjer pasienten dette sjølv, eller så kan vi hjelpe han med det (passive øvelsar). Fysioterapeut kan hjelpe til å lage eit program tilpasssa pasienten.

Viktig å tenke på når ein skal hjelpe pasienten med passive øvingar:

  • Støtte leddet med den eine handa når ein gjer øvelsen
  • Stoppe bevegelsen om ein kjenner motstand
  • OBS: pasienten skal ikkje kjenne smerter av øvelsen.

Hugs også å strekke store ledd. Pasientar som sit mykje kan utvikle kontrakturar i hofteledda. Riktig tilpassa rullestol med god støtte både til rygg og hofteparti er viktig her. For pasientar med lammingar betyr det mykje korleis dei ligg i senga. Av og til bør dei ligge heilt flatt på ryggen eller magen, slik får dei strekt ut hofteledda.

Inaktivitet kan gje dårlig matlyst. Lite aktivitet fører til saktare fordøying, som igjen kan gje forstoppelse.

Forstopping:

Når ein er passiv, går parmperistaltikken sakte. Tarminnhaldet brukar då lengre tid på å passere gjennom tarmen. Dermed blir det soge opp meir væske frå tjukktarmen og avføringa blir fastare. Forstopping er ein vanleg komplikasjon og er viktig å førebyggje.

Tiltak:

  • Gje informasjon om forstopping relatert til immobilitet
  • Motivere brukaren til å være aktiv
  • Kosthold som er rikt på fiber. Td grovt brød, kornprodukt, frukt og grønnsaker.
  • Drikke rikeleg, 1,5-2 liter i døgnet. Før drikkeliste ved behov
  • Gode toalettvaner

Ein bør også observere:

  • Mengda og kor hyppig pasienten har avføring
  • Konsistens på avføringa
  • Om pasienten er oppblåst eller har magesmerter
  • Om magen verkar hard

Blodpropp:

Eiin blodpropp (trombe) er blod som har koagulert (størkna) og laga ein klump i ei blodåre. Dermed blir blodstraumen hemma. Om blodproppen er veldig stor kan han tette heile blodåra. Hos ein som er lite aktiv, vil blodet gå saktare igjennom blodåra. Blodet vil også endre seg, bli seigare og meir kliissete. Begge deler aukar faren for å få blodpropp.

Dersom vi ikkje brukar beina, mistar vi i tillegg funksjonen i muskelvenepumpa. Konstant tykk mot leggen (feks dersom vi bygger opp med pute under leggen) kan også hemme blodsirkulasjonen i beina.

DVT (djup venetrombose)

Vener er blodårer som fører blodet tilbake til hjartet. Dersom ei blodpropp oppstår i djupe vener, kallar vi dette djup venetrombose. Tilstanden fører til at blodet ikkje kjem så raskt fram til hjartet. I området under blodproppen vil det sive væske frå blodåra og ut i vevet rundt, som hovnar opp. Immobile pasientar er spesielt utsette for å få blodpropp i venene i leggen.

Symptomer:

  • Smerter i leggen, eller at det er ømt ved trykk mot leggen
  • Tyngdekjensle i leggen
  • Leggen blir raud og hoven
  • Den eine leggen virkar tjukkare enn den andre. Dette er forskjellen mellom DVT og vanleg ødem der legane blir like tjukke.
  • Moderat feber.

Ei trombe kan løsne frå der han sit, følge blodårene og setje seg fast i trongare blodårer. Dette kallast emboli. Dette kan skje i lungrne, som kan være ein livstrugande tilstand. Dersom ein masserer leggane til ein pasient med DVT, kan dette føre til at tromba løsnar og gjer lungeemboli.

Tiltak:

  • Aktivitet er det viktigaste tiltaket
  • Evt hjelpe pasienten med passive øvingar
  • Unngå konstant trykk og massasje. Pass på at pasienten ikkje blir liggande med konstant trykk under leggen. Masser aldri leggane til immobiliserte pasientar,
  • For at blodet skal flyte lett, er det viktig at pasienten drikk rikeleg.

Ved immobilitet, blir stoffskifteprosessane i kroppen endra. Dette fører til at proteininnhaldet i plasma blir redusert, dermed siv det meir væske frå kappilæra til vevet omkring. Dette fører til ødem. Ødem kjem ofte i dei delane av kroppen som ligg lågast, grunna tyngdekrafta, til dømes beina.

Immobile personar er spesielt utsette for urinvegsinfeksjon. Dette er på grunn av nedsett almenntilstand og ofte svekka immunforsvar. Sengeleie og nedsett rørsleevne kan også gjere det vanskeleg å få tømt urinblæra, det vi kallar for urinretensjon.

Ulike mikroogamismar kan gi lungebetendelse. Ved sengeleie har vi mindre motstandskraft enn ellers. Pustinga blir hemma og det blir vanskeligare å få opp slim. Opphopning av slim, gjr grobotn for bakteriar og kan dermed føre til lungebetendelse.

Observasjon:

Ein bør spesielt observere:

  • Hudfarge
  • Respirasjon (tungpusta? Lettare andpusten?)
  • Puls
  • Om pasienten er slapp
  • Feber (eldre får ikkje alltid feber som eit symptom på lungebetendelse)
  • Om pasienten er engsteleg i forhold til pusteproblemer

Tiltak:

Tilnærma sitjestilling: Ein sengeliggande bør sitje mest muliig oppreist i senga i periodar, dersom det er mogleg. Armane bør kvile på puter ut ifrå brystkassa, slik at volumet i brystkassa blir auka og lungene maksimalt fyllt med luft.

Pusteteknikk: Fysioterapeuten kan lære pasienten ulike pusteøvingar for å øve inn riktig pusteteknikk. Han skal bruka magen og puste djupt inn. Samtidig kan han læste armane over hovudet, noko som også aukar volumet i brystkassa. Dette er også noko du som helsefagarbeidar kan hjelpe pasienten med.

Hoste opp slim: Pasienten bør prøve å hoste opp slim. Her kan også fysioterapeut være til hjelp for å kunne lære pasienten og deg ulike teknikkar.

Rikelig drikke: Drikke gjer slimet meir tyntflytande og det blir då enklare å hoste opp. Obs! Undersøk om pasienten har drikkerestriksjonar først (avgrensingar på kor mykje han kan drikke). Dette kan være aktuelt for pasientar som har nyre- hjarte eller karsjukdommar.

Ved eit ortostatisk blodtrykkfall, fell plutseleg blodtrykket ved ein som reiser seg frå stjande eller liggnde stilliing. Vanligvis omstiller kroppen seg fort når vi reiser oss, men hos immobile personar kan desse refleksane være svekka. Då samlar blodet seg i dei store venene i beina, og hjernen f¨r forbigåande redusert blodtilførsel. Eldre personar er spesielt utsette for dette.

Symptom:

  • Svimmelheit
  • Det svartnar for augene og pasienten kan falle

Tiltak:

Det viktigaste tiltaket er å unngå å reise seg raskt. Pasientar som reiser seg frå liggande stilling, bør sitje ei stund på sengekanten før dei reiser seg opp i ståande. Vær hos pasienten og støtt han om han treng det.

Nettside levert av Frequency