Fagprøve

Fagprøva gjennomfører du når du nærmar deg slutten på læretida di, eller du har nok praksis til å gå opp til fagprøve. For praksiskandidater og dei som tar fagbrev på jobb, er det nødvendig med bestått eksamen i HEA3102 før ein går opp til fagprøve.

Fagprøva er den mest avgjerande «eksamen» du må bestå før du får fagbrev. Her skal du vise alt du har lært, og samtidig vise at du fungerar i jobben din.

Du gjennomfører fagprøva på arbeidsplassen din, eller den staden du har tilbrakt størstedelen av læretida.

Fagprøve - korleis denne blir gjennomført

Fagprøva består av tre delar og går over 3 dagar. Dei tre delane omfattar:

  • Planleggingsdel der du lagar ein plan for den praktiske gjennomføringen på dag 2  (sjå eksempel på dette under arbeidsplan) og ein pleieplan på ein av brukarane/pasientane.
  • Gjennomføringsdel der du utfører arbeidet i størst mogleg grad i henhold til planen.
  • Evalueringsdel der du gjer ei vurdering av eigen innsats og sjølve utføringa. I tillegg skal du levere ei oversikt over medikament og virkning/bivirkningar av desse. (dag 3)

Dag 1 – skriftlig

Fagprøva for helsefagarbeidarar går over tre dagar. Den første dagen får ein utdelt oppgåva, og du skal lage ein skriftlig plan over arbeidet, samt ein pleieplan for ein av brukarane.

Kandidaten vil på dag 1 møte sensorar og få utdelt to brukarar/pasientar. På dag 2 skal kandidaten ha ansvar for desse to – der det skal gjennomførast heilvask i seng på ein brukar/pasient som er pleietrengende, og dusj på ein anna brukar.

Oppgaven skal handle om gjennomføringen og brukeropplysning på desse to brukarane. Det er arbeidsgiver på arbeidsplassen som finn pasientar/brukarar som kandidaten skal ha under fagprøva.

Dette er den skriftlige delen av fagprøven, og den leveres inn til sensorar på slutten av dag ein.

Planen må inneholde:

  • Pleieplan
  • Arbeidsplan med tidsplan (kva som skal skje, og til kva tid)

Den skriftlige delen må inneholde behov, ressurser, mål, tiltak og faglig begrunnelse.(sjå pleieplan)

Det blir forventa at kandidaten ser heile mennesket som individ med alle behov: fysiske, psykiske, åndelige og sosiale.

Du må notere ned i arbeidsplanen kva du vil trenge av dine kolleger, eksempelvis medikamenthåndtering og forflytning. Pass på at du har gjort avtale med kolleger dersom du treng hjelp til noko på dag 2 under fagprøva.

Dag to – praktisk gjennomføring

Dag to skal du være “i arbeid” og jobbe som normalt – men med sensorar som observerer det du gjer.

Det blir lagt opp til at du føl arbeidsplassen sine rutinar som normalt. Vaktens start og slutt, rapporteringssystem, pauser også videre, så langt det lar seg gjere. Sjølv om du har tatt medikamentkurs, så skal andre ta ansvar for medikament denne dagen – din oppgåve blir å passe på at brukar/pasient får medikament til fastsett tid.

Fyrst skal du gi sensorane frå prøvenemnda ein rapport på brukarar som gir eit heilhetlig bilde av kva brukar treng hjelp til.

Hugs at du gjennom dagen passar på at tid fordelt på begge brukarane/pasientane er god, at du skal ha ein aktivitet med brukarane. Sikre at dei har fått dekka alle behov: fysiske, psykiske, sosiale og åndelige.

Denne dagen skal vare drømmedagen til brukar/pasient 🙂

Dag 3 – eigenvurdering

På dag 3 skal kandidaten vurdere seg sjølv på prøvearbeidet. Då skal kandidaten vurdere korleis plan vart gjennomført, om det vart gjort endringar og uføresette hendingar, kva gjekk bra og kva gjekk dårlig. Her skal kandidaten vise evne til å reflektere over det ein gjer. Har kandidaten evne til å sjå og vurdere eige arbeid – kva ein gjorde feil og kva ein kunne gjort annleis – så er dette positivt.

Kandidaten skal også levere ei liste over nokon medikament som brukar står på. Denne lista skal innehalde navn på medikament, virkning og bivirkningar av desse.

På bakgrunn av dokumentasjon, gjennomføring og eigenvurderinga skal prøvenemnda ha ein samtale med kandidaten. Samtalen tar utgangspunkt i:

  • Grunngjeving av eventuelle endringar i plan
  • Faglege grunngivingar for arbeidet
  • Vurdering av mål, tiltak samt heile prosessen
  • Refleksjon rundt brukarane sitt behov og nivå for hjelp
  • Brukermedverknad
  • Samarbeid med andre og innhenting av tilleggsopplysningar

Bruk gjerne eksempel frå arbeidet som utgangspunkt for samtalen

Resultatet på fagprøven vil du få etter dette.

Pleieplan- mal

Pleieplan- mal

Linken ovanfor inneheld mal for korleis ein skriv pleieplan. Oppbygging og innhald er kontrollert og godkjent av prøvenemnda i Nordfjord (hausten 2019)

Arbeidsplan

Arbeidsplan som ligg ved er lagt opp til kun ein brukar/pasient. Arbeidsplan for fagprøve må omfatte begge brukarane

Arbeidsplan

Medikamentliste

Toggle Content goes here

Eigenevaluering

Toggle Content goes here

Sjekkliste til fagprøve

Toggle Content goes here

Nettside levert av Frequency