Lærlingsamling i Hydlaparken for 2års lærlingane våre

Vi inviterar alle våre 2 års lærlingar til lærlingtur i den nyopna Hydlaparken i Stryn 16. oktober!

Hydlaparken byr mellom anna på 7 ulike klatreløyper med 58 hinder, deriblant 11 zip-lines. Her finn alle utfordringar, og vi garanterar ein super dag med mykje gøy og stor aktivitet. På slutten av samlinga fyrer vi opp grilling og serverer enkel grillmat. For å kunne delta er det viktig at ein melder seg på aktiviteten i kontaktskjemaet under. Vi sender ut meir praktisk info til kvar enkelt 3 – 4 dagar før arrangementet. Vi gler oss! Ta kontakt med oss om du skulle ha spørsmål.

Praktisk informasjon

  • Arrangementet varer frå 11.00 – 15.00
  • Det blir sjølvsagt mat i løpet av dagen. Vi fyrer opp grillen:)
  • Transport med minibuss frå Eid Rutebilstasjon kl 10.10 for dei som treng dette
  • Samlinga er sjølvsagt gratis å delta på:)

Pakkeliste

  • Uteklede som tolar både regn/vind
  • Gode sko som egnar seg til aktivitet
  • Skifteklede (til å ha på om ein blir våte/kalde)
  • Ulltøy/superundertøy/ullsokkar
  • Hue/hanskar

Meld deg på arrangementet

Nettside levert av Frequency