Om oss

Nordfjord Opplæringskontor er eit tverrfagleg opplæringskontor som skal dekkje  kommunane Stryn, Hornindal, Gloppen, Eid, Selje og Vågsøy. Saman med våre medlemsbedrifter skal vi skape læreplassar, auke rekrutteringa til våre bransjar og gje dei som ynskjer å skape sin yrkesveg i Nordfjord mogelegheita til akkurat det. Vi skal vere ein aktiv samarbeidspartnar for ungdomsskular og vidaregåande skular i regionen, og medverke til å auke medlemmane sin tilgang på kvalifisert arbeidskraft. I Nordfjord Opplæringskontor tek vi ansvar for administrasjon, oppfølging, kvalitetsikring og rekruttering slik våre medlemsbedrifter kan konsentrere seg om sjølve lærlingen. Greitt ikkje sant?