LÆRLING

Tek du sikte på å ta fag- eller svenneprøve? Kult! Då kan du skrive lærekontrakt med ei lærebedrift og plutseleg er du lærling.

SØKE LÆREPLASS

Så kult at du vil bli lærling. Det fyrste du no må gjere er å søkje om formidling om læreplass på vigo.no. Uansett om du har søkt læreplass igjennom oss, ei bedrift eller andre opplæringskontor er det viktig at du registrerer søknaden din der.  Søknadsfristen er 1. mars (1. februar for lærekandidatar).

More info please

SØKNAD

Å søkje læreplass er som å søkje vanleg ordinær jobb. Det handla om å sørge for at akkurat din søknad kjem lengst oppe i søknadsbunken. Ein søknad bør på kortast mogeleg tid gje bedrifta eit bilete av dine personlege og sosiale ferdigheiter. La bedrifta bli nysgjerrig og interessert i kven du er, og pass på at dei skal forstå kvifor det er akkurat du som passar til stillinga.

Give me an example

JOBBINTERVJU

Har du blitt kalla inn til jobbintervju? Fantastisk. Det betyr at bedrifta kan vere interessert i å tilsette akkurat deg som lærling. Det er naturleg å bli nervøs før eit jobbintervju, men hugs at bedrifta vil bli overraska om du ikkje er nervøs. Det viktigaste du gjere når du blir kalla inn til intervju er å førebu deg godt.

Få tips til intervjuet

LÆREKONTRAKT

Lærlingar teiknar lærekontrakt med lærebedrifta eller opplæringskontoret når læretida tek til. Deretter må den godkjennast av fylkeskommunen. I tillegg skal lærebedrifta teikne ei arbeidsavtale med deg der blant anna lønna di i læretida blir avtalt.

Love to know more

LÆRETIDA

Tenkt så tøft. Etter år med skule skal du endeleg ut i lære og forhåpentlegvis vil du etter læretida få ditt synlege bevis på din kompetanse. Læretida er ei spennande tid, og består som regel av to år i bedrift. Det eine året kallar vi opplæringsår og det andre verdiskapingsår. Enklare sagt vil du i starten av læretida få meir opplæring og trening, medan du mot slutten av læretida vil delta i verksemda på lik linje med andre arbeidstakarar, og bidra til verdiskaping. I heile læretida vil du få tett oppfølging av bedrifta og opplæringskontoret. I tillegg vil du jamnleg dokumentere det du har lært i vår webbaserte opplæringsbok slik du er best mogeleg førebudd til du skal ta fagprøve.

ETTER LÆRETIDA

Når du har fullført fagprøva, har du eit fantastisk utgangspunkt for vidare karriere. Med eit synleg bevis på din kompetanse i handa, kan du anten søkje om å få halde fram i bedrifta, søkje ny jobb eller gå vidare på VG4 for å oppnå studiekompetanse. Du har med andre ord verda for dine føter og alle moglegheiter.

Les om våre lærefag