Bli medlemsbedrift

Som lærebedrift har du og verksemda ein fantastisk mogelegheit til å skreddarsy framtidig bemanning. Samtidig tek ein eit stort samfunnsansvar ved å vere lærebedrift. Nye auge og ny kompetanse inn i bedrifta som vil vere ei lønnsam investering. Det er heller ikkje vanskeleg å bli lærebedrift. For å bli godkjent lærebedrift må ein kunne gje opplæring i faget sin læreplan, samt at ein har ein fagleg leiar som tek i vare lærlingen. Som medlemsbedrift i Nordfjord Opplæringskontor sørger vi for å søkje godkjenning for bedrifta. Vi teiknar lærekontrakt med lærlingen, medan bedrifta sjølv har det formelle arbeidsgjevaransvaret.

Vi følgjer opp lærlingen i heile læreperioden, arrangerar kurs for faglege leiarar og instruktørar, hjelper til med å lage interne opplæringsplanar, og sørger for at lærlingen blir meldt opp til fagprøve. Samtidig har vi tett kontakt med vidaregåande skular og ungdomsskular for å sikre rekruttering, og hjelper til med formidling av potensielle lærlingkandidatar. Kanskje har ikkje bedrifta di behov for ei heil lærlingsstilling eller kan ikkje gi tilfredsstillande opplæring innanfor for alle læreplanmål. Ingen problem. I Nordfjord Opplæringskontor samarbeidar vi med fleire bedrifter for å lage spennande opplæringsringar der ein lærling kan vere i fleire bedrifter under læretida. Kjekt både for bedrifta og lærlingen.

Bli lærebedrift i dag, ta kontakt!